Hildur Dansekompani
  • Heim
  • Produksjonar
    • Danseverkstaden - Spring!
    • REK
    • Å du store mi tid
  • English
  • Presse
  • Kontakt
Picture
Foto: Iver Gjendem

Danseverkstaden - Spring!

Har du prøvd pannekakesnu? Eller å slå deg på kneet itakt med musikken? I ei verd med ulike kulturuttrykk og kanalar er det identitetsskapande å kjenne dei eldre tradisjonane. Danseverkstaden - Spring! ynskjer å gi ei felles oppleving av levande musikk og dans med forankring i Møre og Romsdal. Publikum får oppleve ei interaktiv forestilling basert på springarformar, og sjølv smake på både halling og ei springarform. Danseverkstaden – Spring! gir ei reise gjennom tradisjonsdansen kor ein etter fullført reise sit igjen med ein dans i eigen kropp. Verkstaden er dynamisk og fleksibel, og kan tilpasses barn, ungdom og vaksne i ulike målgruppe.

Desse springarformene er med i Danseverkstaden - Spring!: Polsdans frå Nordmøre, springar frå Romsdal, springar frå Tafjord, springar frå Sykkylven/Stranda, springar frå Nordre Sunnmøre og springar frå Søre Sunnmøre.
​
Danseverkstaden vart vist på Kulturtorget 2014 i Molde. I regi av Kultursekken i Møre og Romsdal har verkstaden turnert sidan hauten 2014 og er til no gjennomført for om lag 1200 elevar i Møre og Romsdal.

Lengde: 90min

Medverkande:
Mathilde Øverland - dans
Anna Gjendem - dans
Laura Ellestad - fele og hardingfele

Idè og utvikling: Hildur Dansekompani
Powered by Create your own unique website with customizable templates.