Hildur Dansekompani
  • Heim
  • Produksjonar
    • Danseverkstaden - Spring!
    • REK
    • Å du store mi tid
  • English
  • Presse
  • Kontakt

Hildur Dansekompani

“Engaging, intelligent and entertaining - music and dance working together seamlessly -brilliant”​
​-
 Tom Sherlock 

Produksjonar

Hildur Dansekompani






​
​

Kven er vi

Hildur Dansekompani er ei gruppe musikarar og dansarar som lagar kunstneriske produksjonar botna i tradisjonar frå Midt-Noreg. Utøvarane har felles interesse for samhøyret mellom dans og musikk - og utforsking av rom og inkludering. Med eit leikent og åpent syn på tradisjonane, byr kompaniet på overraskingar, melankoli og tydelege augeblikk i dei ulike forestillingane retta mot skuleelevar, eldre og det frie publikum.

Kontakt oss:
E-post: hildur.dans(a)gmail.com

​

Mathilde Øverland er dansar og kvedar frå Molde. Sidan ho fullført sin BA i utøvande tradisjonsdans (NTNU/Ole Bull Akademiet) har ho jobba med å ta tradisjonen i nye retningar, og mellom anna vært oppteken av samspelet med levende musikk, og det organiske/ spontane aspektet og som ligg implenta i tradisjonen. Dette har gitt seg utslag i konstellasjonar som FOLK, og BROLAND. Mathilde er også prosjektleiar i Akersarv - Bygda Dansar i Akershus.

Hilde Fjerdingøy er toraderspelar og komponist med poetisk uttrykkskraft og musikalsk finesse. Fjerdingøy har mastergrad i nordisk folkemusikk og har, i tillegg til å spele tradisjonsmusikk frå heile Norden, fordjupa seg mest i slåttemusikken frå heimtraktane på Helgeland. Ho spelar mellom anna i svensk-norske Rim og Duo Fjerdingøy & Andersson.
​

Jo Einar Jansen er fele-, hardingfelespelar og songar frå Frosta i Nord-Trøndelag. Han har nordisk master i folkemusikk og ein kreativ, kraftfull og dynamisk spelestil. Med rot i folkemusikken frå heimfylket spelar Jo Einar tradisjonsmusikk ifrå heile Norden. Han er med i grupper som Duo Jansen/Jüssi og Rim, og er i tillegg ein glimrande soloutøvar, men ekstravagante kvalitetar som dansespelemann.

Laura Ellestad er ein prisbelønt kanadisk hardingfelespelar med røter i Valdres. Ho har bachelor i tradisjonsmusikk frå Ole Bull Akademiet og master i utøving frå Norges musikkhøgskole.  Ellestads spel er varmt og ærleg, med ein fin balanse mellom det lyriske og det spenstige. Ho er for tida doktorgradsstipendiat ved Norges musikkhøgskole, kor ho forskar på framføringspraksisar blant norsk-amerikanske spelemenn i fyrste halvdelen av 1900-talet.

Anna Gjendem er ein ung, moderne dansar frå Molde med eit solid feste i tradisjon. Ho har BA i utøvande tradisjonsdans (NTNU/Ole Bull Akademiet) og ein mastergrad i Tradisjonskunst frå Høgskulen i Telemark. I tillegg til stillinga som dagleg leiar ved Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal, arbeider ho fulltid som utøvande tradisjonsdansar. Gjendem brenn for å formidle den lokale dansearven både på tradisjonelle og nyskapande måtar!
Powered by Create your own unique website with customizable templates.